Hos Pilegaards Antikvariat

Antikvariatet på tur! I Aalborg ligg Pilegaards Antikvariat & Mønthandel. Pilegaards har spesialisert seg på «alt», som ymseriet i Molde, og har stappfulle lokale over to etasjar. Antikvariatet har funnest i fleire tiår og har fire tilsette.

Det som overraska meg aller mest, var kor stille det var i lokala. Det var -heilt- stille! Lesestolar og kaffikrok fanst ikkje, og plass til det var det heller ikkje. Bøker sto i hyller som gjekk nesten heilt til taket, og det sto bokstablar og bokkasser på golvet, og det siste er jo kjent! Antikvariatet har elles to store lager, og eg synest inndelinga etter sjanger og emne verka god. «Skryteskåp» finst au!

Aalborg by har universitetsutdanningar, og bøker om filosofi og vitskap elles gjekk det visst ein del av. Jakt (!), fiske og friluftsliv var au populære emne, og det eine av dei to gateglasa var fylte av bøker om handarbeid og husflid. Interessant. Dette er etterspurd her i Molde au.

Eg veit at bøker av norske forfattarar er rimelegare i nabolanda enn hos oss, og hadde undersøkt nøye om Pilegaards hadde bøker av forfattarar som eg var ute etter. Eg sende dei ei liste før eg drog ned, og dei bøkene låg framme da eg kom dit. Andre plukka eg fram sjølv. Nokon verkeleg fantastiske funn vart det ikkje, men eg kjøpte med meg vel 25 bøker. Ikkje fleire! Nokre av bøkene var prisa slik at eg aldri kan tene på dei, eitt kjøp var ei tabbe, og elles får eg berre håpe det beste. Kollegarabatten var god.

Merk at det er lett å bli blenda av prisene i kroner, for ei dansk krone var verd 1,45 norsk da eg var der. Prisnivået såg likevel ut til å liggje under det eg er vand med frå dei store antikvariata her til lands. Det gjeld au bøker på tilbod. I København er visst prisleiet høgare.

Pilegaards Antikvariat & Mønthandel er verd å besøke. Her finst det mykje bra! Hugs berre at ei dansk krone ikkje er verd det same som ei norsk … Og ha god tid!

Bøker av Astrid Lindgren og Thorbjørn Egner

Astrid Lindgren og Thorbjørn Egner finst det mange bøker av i antikvariatet, og her er eit utval:

Astrid Lindgren:
Kati i Amerika. Damm 1953, førsteutgåve på norsk. Damm 1953. Pen!; 150,-
Kati i Italia. Damm 1954. Pent brukt: 125,-
Britt-Mari letter sitt hjerte. Damm, utan år (1954 eller før). Lurvete vareomslag, pen elles: 125,-
Rasmus, Pontus og Trille. Damm 1958. Nokre bruksspor, men ganske fin: 125,-
Alle vi barna i Bakkebygrenda. Tiden 1969. Pen!: 100,-
Mye moro i Bakkebygrenda. Tiden 1969. Pen!: 100,-
Mesterdetektiven Blomkvist og lille Rasmus. Tiden 1973. Pen, utan bruksspor: 100,-
Bråkmakergata. Bokklubbens barn 1977. Fin: 100,-
Rasmus på Loffen. Damm 1978. Pent brukt: 100,-
Emil. Da Emil var på auksjon. Fredhøis Forlag 1994. Fin!: 40,-

Thorbjørn Egner:
I antikvariatet er desse Egner-bøkene til sals for kr 100 per stykk. Det er ikkje namn eller skribleri i nokon av dei, minus Hakkebakkeskogen.
Ola-Ola Heia. Cappelen 2000. Som ny!
Barna i Humlegata. Cappelen 2000. Som ny!
Folk og røvere i Kardemomme by. Bokklubbens barn 1996. Som ny!
Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen. Grøndahl Dreyer 1996. Pent brukt.
Doktor Dyregod av Hugh Lofting. Utgave ved Thorbjørn Egner. Bokklubbens barn 1989. Svært pent brukt.

Skrive i september 2019.