«Volumsal»!

Antikvariatet treng betre plass i hyllene – og på golva, for den del, for det er mange hundre bøker som ikkje har fått sjansen til å komme i hyllene enno. Eit par veker eller så blir det såkalla kampanjesal her.

Kristelege bøker, new age- og sjølvutviklingslitteratur, eldre bøker om reiser, land og folk, biografiar og mykje anna sakprosa, bøker om helse og det meste av barne- og ungdomslitteraturen blir selt til halv pris. Hefta krim går for usle 20 per bok. Det er vel dette som blir kalla volumsal!?

Hugs elles på 78-platene til 20 per stykk og lp-ar til 100 for fem. Velkommen til handel, prat og kaffi!

Skrive 25.10. 2019