Hos Pilegaards Antikvariat

Antikvariatet på tur! I Aalborg ligg Pilegaards Antikvariat & Mønthandel. Pilegaards har spesialisert seg på «alt», som ymseriet i Molde, og har stappfulle lokale over to etasjar. Antikvariatet har funnest i fleire tiår og har fire tilsette.

Det som overraska meg aller mest, var kor stille det var i lokala. Det var -heilt- stille! Lesestolar og kaffikrok fanst ikkje, og plass til det var det heller ikkje. Bøker sto i hyller som gjekk nesten heilt til taket, og det sto bokstablar og bokkasser på golvet, og det siste er jo kjent! Antikvariatet har elles to store lager, og eg synest inndelinga etter sjanger og emne verka god. «Skryteskåp» finst au!

Aalborg by har universitetsutdanningar, og bøker om filosofi og vitskap elles gjekk det visst ein del av. Jakt (!), fiske og friluftsliv var au populære emne, og det eine av dei to gateglasa var fylte av bøker om handarbeid og husflid. Interessant. Dette er etterspurd her i Molde au.

Eg veit at bøker av norske forfattarar er rimelegare i nabolanda enn hos oss, og hadde undersøkt nøye om Pilegaards hadde bøker av forfattarar som eg var ute etter. Eg sende dei ei liste før eg drog ned, og dei bøkene låg framme da eg kom dit. Andre plukka eg fram sjølv. Nokon verkeleg fantastiske funn vart det ikkje, men eg kjøpte med meg vel 25 bøker. Ikkje fleire! Nokre av bøkene var prisa slik at eg aldri kan tene på dei, eitt kjøp var ei tabbe, og elles får eg berre håpe det beste. Kollegarabatten var god.

Merk at det er lett å bli blenda av prisene i kroner, for ei dansk krone var verd 1,45 norsk da eg var der. Prisnivået såg likevel ut til å liggje under det eg er vand med frå dei store antikvariata her til lands. Det gjeld au bøker på tilbod. I København er visst prisleiet høgare.

Pilegaards Antikvariat & Mønthandel er verd å besøke. Her finst det mykje bra! Hugs berre at ei dansk krone ikkje er verd det same som ei norsk … Og ha god tid!