Tarjei Vesaas

Dei fleste av bøkene Tarjei Vesaas skreiv, er ikkje så lette å få tak i utanom i antikvariat no. I Vesaas-hylla i antikvariatet kan de finne desse bøkene:
Menneskebonn. Norli, Kristiania 1923. DEBUT! Sliten samtidig innbinding, pent brukt innmat. Boka har tilhørt Norskdomslaget: 290,-
Guds bustader -. Norli, Oslo 1925. Hefta og spretta, bruksspor, heil og grei. Førsteutg.: 200,-
SELD Klokka i haugen. Norli 1929. Førsteutg. i raud orig.innb., litt bleika rygg, men fin på alle måtar: 240,-
Sigrid Stallbrokk. Norli 1931. Førsteutg. Raud orig.innb. med svakt bleika rygg. To lause sider fremst, pent brukt: 240,-
Dei ukjende mennene. Norli 1932. Andreutg. Hefta orig.innb., nyare eigarnamn, elles som ny – vakker!: 240,-
Sandeltreet. Norli 1933. Førsteutg., orig.innb. med svakt bleika rygg. Innmaten som ny: 260,-
SELD Leiret og hjulet. Noveller. Norli 1936. Førsteutg., hefta og spretta. Vanlege bruksspor, heil og grei: 260,-
Hjarta høyrer sine heimlandstonar. Norli 1938. Førsteutg. Hefta og spretta, vanlege bruksspor, heil og grei: 235,-
Kimen: Gyldendal 1940. Svært pen førsteutg., framstår nesten som ny! : 320,-
Huset i mørkret. Gyldendal 1945. Førsteutg. med «sår» oppe på ryggen og fuktflekker oppe på mange sider, men er heil og grei: 120,-
Bleikeplassen. Gyldendal 1946. Pen orig.innb. med raud rygg. Eit fint eksemplar: 190,-
Morgonvinden. Gyldendal 1947. Hefta og uspretta, har tilhørt Langhaugen skole. I god stand: 160,-
Tårnet. Gyldendal 1948. Førsteutg., orig.innb. med litt bleika raud rygg. Pent brukt!: 190,-
Lykka for ferdesmenn. Dikt. Gyldendal 1949. Førsteutg. Hefta og spretta. Pent brukt: 160,-
Signalet. Gyldendal 1950. Orig.innb. med vareomslag som har litt alderspreg. Boka er svært fint brukt: 200,-
Vindane. Noveller. Gyldendal 1952. Førsteutg. Orig.innb. med svakt alderspreg. Svært pen! : 225,-
OBS! Avskil med treet. Spel for amatørteater. Norli 1953. Har tilhørt Telemark landsgymnas. Pen: 100,-
Vårnatt. Gyldendal 1954. Førsteutg. Orig.innb. med raud rygg, pen på alle måtar: 190,-
Ein vakker dag. Noveller. Gyldendal 1959. Andreopplag, orig.innb. med raud rygg. Fint eksemplar!: 170,-
Is-slottet. Gyld. 1963. Orig.innb. med litt slite vareomslag. Pent brukt: 220,-
Bruene. Gyld. 1966. Førsteutg. Orig.innb. med vareomslag. Pent brukt: 200,-

I tillegg til bøkene over har eg nyare utgåver av eksempelvis Fuglane, og boka med Vesaas-tekstar som Walter Baumgartner ga ut i 1971, Huset og fuglen.

Ingvar Ambjørnsen

Det er mange Ambjørnsen-bøker i antikvariatet, og eit par av dei er nok uvanlege. Dei fleste bøkene er gitt ut på Cappelen.

!! Bergtatt. Hørespill. Solum 2009: 200,-
!! Møte i natten. Forlaget Geelmuyden.Kiese 1998: 120,- (IA er redaktør og forfattar av fire tekstar i boka)

Hvite niggere, 1986. Bokklubb og førsteutgåve: 200,- (nydeleg eksemplar!)
Den mekaniske kvinnen. 1990, bokklubb: 125,-
Bellona. Gudinna som ble vaktbikkje. Førsteutgåve, 1988: 120,-
Døden på Oslo S. Pelle og Proffen 2, 1988: 95,- (eg laga forresten innslag om filmen Døden – – – for Etter skuletid i NRK)
De blå ulvene. Pelle og Proffen 5, 1991: 95,-
Sarons ham. 1990, hefta: 75,-
Sorte mor. Førsteutg., 1994: 140,-
Natt til mørk morgen. Bokklubb, 1997: 125,-
Dronningen sover. Bokklubb, 2000: 125,-
Dukken i taket. Bokklubb, 2001: 125,-
Stalins øyne. Hefta, 2001 (1985): 75,-
Delvis til stede. Bokklubb, 2003: 125,-
Innocentia park. Førsteutg., 2004: 140,-
Opp Oridongo. Førsteutg., bokklubb: 140,-
Ut av ilden. 2015: 110,-

Ingvar Ambjørnsen fortener sanneleg dei prisane han har fått!

Lagt ut 31.10. 2019

Lesarbrev

Her må de gjerne leggje att nokre ord!

  1. I don’t know if it’s just me or if perhaps everyone else encountering issues with your blog. It looks like…

Polarlitteratur

Bøker om og frå arktiske strøk er det ganske mange av i hyllene, og under ser de eit breitt utval. Fr. Nansen og Knud Rasmussen har eg fleire bøker av, og bøker som handlar om Sørishavet/Antarktis, Sibir og Alaska er stort sett ikkje med på lista. Mange av bøkene er illustrerte.

Fr. Nansen: På ski over Grønland. Omarbeidet utgave. Aschehoug 1928: 165,-
Roald Amundsens opdagelsesreiser. Bind III. Nordostpassasjen. Gyldendal 1929: 125,-
Roald Amundsen: Gjennem luften til 88 (g) nord. Hefta, rufsete, førsteutgåve. Gyldendal 1925: 100,-
Roald Amundsen: Nordvestpassasjen. Med forord av Sverre Steen. Gyldendal 1972: 120.-

Helmer Hanssen: Gjennem isbaksen. Atten år med Roald Amundsen. Aschehoug 1941: 160,-
Alfred Lansing: Manns mot. Ernest Shackletons utrolige reise. Gyldendal 1949: 140,-

Peter Freuchen/Finn Salomonsen: Slik er Arktis. Nasjonalforlaget 1961: 125,-
Peter Freuchen: Isflak og flammende vann. Nasjonalforlaget 1957: 100,-
Peter Freuchen: Solfjell. Roman fra Grønland. Nasjonalforlaget 1950: 100,-
Peter Freuchen: Min grønlandske barndom I + II. Gyldendal 1941-42: 300,- for to bind
Odd Arnesen: Eskimoenes venn Knud Rasmussen. Forlagshuset u.å.: 105,-
Knud Oldendow: Grønland. Folk og land i vore dage. Forlaget Fremad, Kbh. 1936. Førsteutg., med kart, pen: 180,-
Julie Hastrup: Tyve år blandt grønlendere. Gyldendal 1945: 120,-

Lars Normann Sørensen: Henry Rudi, isbjørnkongen. Gyldendal 1961. NB! Med lang helsing til Meier Sørensen frå Henry. Pen: 300,-
Odd Arnesen/Ejnar Lundborg: «Italia»-tragedien på nært hold. Førsteutg., Gyldendal 1928: 140,-
John Giæver: To mann i Moskusfjorden. Da vi bebygget og okkuperte Eirik Raudes land. Førsteutg., Gyldendal 1931: 200,- («Docent Adolf Hoel tilegnet»)
Peter Tutein: Dramaet i storisen. Førsteutg., Nasjonalforlaget 1947: 155,-
Vitalis Pantenburg: Langt inne i isen. Blix Forlag, Oslo 1944: 125,-
Edvard Welle-Strand: Tragedien i isen og andre fortellinger. F. Bruns, Trondheim 1945; 100,-
Karl H. Brox/Størk Halstensen: Menn under polen. Forord av Helge Ingstad. Gyldendal 1978: 110,-

Signe Holst: Grønland – pladask i kulturkløften. Grøndahl, Oslo 1975: 130,-
Bernard Stonehouse: Liv i nord – dyr og planter i polarstrøkene. A-forlaget 1973: 130,-

Yngve Kristoffersen: Ishavet som arbeidsplass. To fangstmenn forteller. Alta historielag 1993: 140,-
Eivind H. Kristiansen: Ishavsfart fra Gratangen og gamle Ibestad. (Alta) 1989: 160,-
Richard Bergh: Ein gong ei ishavsbygd. Herøy kulturstyre 1981: 200,-
Bjørne Kvernmo: Selfangsten. En utdøende tradisjon? Alta 1989, signert: 200,-
Arnold Farstad: Mysteriet i Vestisen. Selfangsttragedien som lamslo nasjonen. Samlaget 2001: 200,-

På denne lista manglar det som nemnt bøker av Fridtjof Nansen og Knud Rasmussen, men eg har heller ikkje ført opp bøker antikvariatet har av Liv Balstad, Helge Ingstad og Lars Hansen.

Prisane er dei som gjeld 3.8. 2019, porto kjem attåt.

Sovjetisk og russisk litteratur

Tsjingiz Ajtmatov: Og dagen varer lenger enn et århundre. Bokklubben 1985: 70,-
M.A. Aldanov: Den niende termidor. Gyldendal 1926. Lefsete, men heil: 50,-
Michail Artsybasjev: Sanin. Aschehoug 1949: 70,-
Michail Bulgakov: Mesteren og Margarita. Bokklubben 2009: 100,-
Ivan Bunin: Landsbyen. Gyld. 1934: 100,-
Fjodor Dostojevskij: Brødrene Karamasov. Tre bind. Gyldendal 1952: 300,-
F. Dostojevskij: Den evige ektemann. Solum 1976: 140,-
F. Dostojevskij: Raskolnikov. To bind. Gyld. 1937: 200,-
F. Dostojevskij: Spilleren. Gyld. 1948: 100,-
F. Dostojevskij: Min onkel og hans excellence. Gyld. 1945: 100,-

V. Dudintsev: Ikke av brød alene. Tiden 1957: 70,-
Nina Federova: Familien. Tanum 1946: 70,-
SELD Nikolai Gogol: Kappen. Asch. 1948: 100,-
SELD Nikolai Gogol: Døde sjeler. Asch. 1948: 100,-
Boris Gorbatov: De ubøyelige. Tanum 1945: 70,-

Maxim Gorki: Ægteparret Orlow. Fortælling. Marius Stamnes` Bogtrykkeri, Kristiania 1902: 100,-
SELD Maxim Gorki: Ekteparet Orlov. Tiden 1937: 100,-
SELD Maxim Gorki: Læreår. Tiden 1938: 120,-
Maxim Gorki: Min barndom. To bind. Tiden 1939: 160,-
SELD Maksim Gorki; Ute i verden. Nasjonalforlaget (utan år, før 1940): 120,-
SELD Maksim Gorkij: Barndom. Århundrets bibliotek, Den norske bokklubben 1994: 120,-
Martin Nag: Gorkij i Norge. Arbeidern Forlag 1983: 70,-

Vladimir Gubarev: Sarkofagen. En tragedie. Ex Libris 1981: 70,-
Nikolai Leskov: Dolinskijs liv. Asch, 1948: 70,-
Vladimir Nabokov: Lolita. Cappelen 1959: 120,-
Boris Pasternak: Dr. Zhivago. Gyldendal 1958: 100,-
Aleksej Pisemskij: To sjeler (to bind). Asch. 1948: 100,-
A.S. Pusjkin: Bjelkens fortellinger og Spardame. Asch. 1948: 100,-
Alexandra Rachmanova: Studenter, kjærlighet, Tsjeka og død. Steenske Forlag, Oslo 1933: 70,-
Piotr Rawicz (Ukraina): Himmelens blod. Gyldendal 1964: 100,-
Michail Sjolokov: Stille flyter Don (fire bind). Tiden 1956: 400,- (nobelprisvinnar i 1965)

Fjodor Sologub: Den lille djevel. Asch. 1949: 70,-
Aleksander Solsjenitsyn: Det hende i Kretsjekovka. Samlaget 1964: 120,-
SELD Leo Tolstoi: Anna Karenin (ikkje Karenina!, to bind). Gyldendal 1938: 160,-
Leo Tolstoj: Anna Karenina (to bind). Gyldendal/Bokklubben 1977: 160,-
SELD Leo Tolstoj: Herre og dreng. Aschehoug 1948: 120,-
Leo Tolstoj: Mørkets makt. Fabritius 1974: 100,-

Iwan Turgenjeff: Kraftspilde. Bibliothek for de tusen hjem, Fagerstrand pr. Høvik, utan år (truleg rundt 1900). Omsetjar: Holger Sinding. Privat innbinding, i god stand: 160,-
Ivan Turgenjev: Udvalgte Værker. Kunstforlaget «Danmark», København 1914: 100,-
Ivan Turgenjev: Fedre og sønner. Gyldendal 1937: 140,-
Ivan Turgenjev. Røk. Aschehoug 1948: 120,-

Vanda Vasilevska: Regnbuen. Grundt Tanum 1945: 70,-
Vanda Vasilevska: Bare kjærlighet. Grundt Tanum 1947: 70,-
Julia Wosnesseskaja: Kvinnenes dekamerone. Dreyer 1988: 140,-

Ilja Ehrenburg: Lass mich nicht sehen was ich nicht sah. Gedichte (tysk og russisk). Verlag Volk und Welt, Berlin (DDR) 1985: 70,-

Peter Normann Waage: Ordet og makten i Russland. Arneberg Forlag 2009: 70,-
Russisk tøyver. Essays. Samlaget 1967: 70,- Boka har bidrag av bl.a. Ehrenburg, Pasternak og Andrej Vosnesenskij.

Lista er skriven i september 2019.

Lars Saabye Christensen

Denne gode og kjende forfattaren kom med ei ny bok i haust, og Molde antikvariat og ymseri har mange av dei eldre bøkene hans. I bokhandelen får du neppe kjøpt så mange av dei.

Jokeren. Cappelen/bokklubb 1981: 125,-
Bly. Cap. 1990, førsteutgåve: 140,-
Amatøren. Hefta: 80,-
Herman. Bokkl. 1991: 100,-
Ingens. Noveller. Cap. 1992: 125,-
Gutten som ville være en av gutta. Cap. /bokkl., førsteutg. : 100,-
Jubel. Cap./bokkl. 1995: 100,-
Den misunnelige frisøren. Noveller. Cap. 1997, førsteutg. : 140,-
Noen som elsker hverandre. Noveller. Cap./bokkl. 2000: 125,-
Beatles. Cap. 2001, hefta: 80,-
Halvbroren. Cap./bokkl. 2001: 100,-
Maskeblomstfamilien. Cap., hefta 2004: 80,-
Oscar Wildes heis. Noveller, Cap. 2004. Merka ”Ikke salgsvare. Leseeksemplar til butikk” (kom altså før førsteutgåva): 135,-
Cirkus. Cap. 2006, førsteutg. : 140,-
Stille lengde. Noveller i utvalg. Cap. 2006: 125,-

Visning. Cap. 2009, utgått bibl.eks.: 80,-

Bisettelsen. Fyrsteutgåve 2008, som ny: 150,-

«Volumsal»!

Antikvariatet treng betre plass i hyllene – og på golva, for den del, for det er mange hundre bøker som ikkje har fått sjansen til å komme i hyllene enno. Eit par veker eller så blir det såkalla kampanjesal her.

Kristelege bøker, new age- og sjølvutviklingslitteratur, eldre bøker om reiser, land og folk, biografiar og mykje anna sakprosa, bøker om helse og det meste av barne- og ungdomslitteraturen blir selt til halv pris. Hefta krim går for usle 20 per bok. Det er vel dette som blir kalla volumsal!?

Hugs elles på 78-platene til 20 per stykk og lp-ar til 100 for fem. Velkommen til handel, prat og kaffi!

Skrive 25.10. 2019

Vikingtida, det norrøne, middelalderen

I denne lange lista finst det heilt sikkert noko for vikingvenner og historieinteresserte:

Snorre. Riket bygges. JM Stenersens Forlag 2007. Svært pen: 120,-
Soga om Fridtjov den frøkne. Frå gammalnorsk til nynorsk ved Jon Fosse. Skald 2013, som ny!: 175,-
Theodoricus Munk: Norges historie. Historien om de gamle norske kongene. Historien om danenes ferd til Jerusalem. Aschehoug 1990. Svært interessant, som ny: 200,-
P.A. Munch: Norges Konge-Sagaer fra de ældste Tider indtil anden Halvdeel af det 13de Aarhundrede efter Christi Fødsel. Feilberg & Landmark, Christiania 1881. Gotisk skrift: 220,-
Aslak Liestøl: Runer frå Bryggen. Særtrykk av «Viking» 1963. Utgitt av Det midlertidige Bryggemuseum, Bergen 1964. Sjølvsagt illustrert!: 140,-
Konungs skuggsia (v/Ludvig Holm-Olsen). Universitetsforlaget 1970. Stort sett på norrønt, blyantnotat: 85,-
M.I. Steblin-Kaminskij: Islendingesogene og vi. Samlaget 1975: 95,-
SELD H. R. Ellis Davidson: Nordens gudar och myter. Prisma, Stockholm 1964: 115,-
H. R. Ellis Davidson: Nordisk mytologi. Norsk utgave ved Odd Nordland. Bokklubben 1984: 130,-
Ny lönd og nyr sidur/New Lands New Faith. Christianity and the Vinland Voyages in Medieval Icelandic Manuscripts. Syning Stofunar Arna Magnussonar a Islandi, Reykjavik 2000. Gitt ut på islandsk og engelsk, illustrert: 75,-
Jon Bojer Godal: Kor låg landet som bar namnet Vinland? R&D 2012. Signert av JBG, mange ill. og bilde. Pen!: 160,-
Johannes Brøndsted: The Vikings. Penguin, Baltimore 1965. Ein del bilde: 100,-
Georg Wasmuth Sejersted: Med Leiv Eirikson til Vinland. Blix Forlag, Oslo 1943. Mange ill.: 125,- (Blix var eitt av nazi-forlaga, og det gjer ikkje boka mindre interessant)
Alexander Bugge: Vikingerne. Billeder fra vore Forfædres Liv. Gyldendalske, København og Kristiania 1906. Privat, nyare innbinding, i svært god stand: 250,-
Ole Røsholdt: Vikinger. Illustrert av Morten Myklebust. Gyldendal/Bokklubbens Barn 1993. Pen!: 150,-
L-R Nougier/Knut Ingar Hansen: Vikinger og indianere. Faktum Orfeus, 2000. Nydelege teikningar, fin bok for eldre barn: 150,-
Sverre Mørkhagen: Kristins verden. Om norsk middelalder på Kristin Lavransdatters tid. Cappelen 1995. Illustrert: 185,-
SELD Einar Hovdhaugen: Ekteskap og kjønnsmoral i norsk historie. Samlaget 1976, i serien Norsk kulturarv. Illustrert: 150,-
Ellen Høigård Hofseth (red.): Embla. Glimt av formødrenes historie fra fangststeinalder til senmiddelalder. Illustrert. Kirja Forlag 1993: 145,-
Norske middelalderdokumenter. I utvalg ved Sverre Bagge, Synnøve, Holstad Smedsdal, Knut Helle. Universitetsforlaget 1972, 554 s. Inneheld tekstar frå 1015 til 1540 i opphavleg språkdrakt: 400,-
SELD Jerker Rosen: Medeltidens allmänna historia. Läromedelsförlagen 1971. Fin og interessant!: 100,-
Eirik Øverås: Snorre Sturlason. Norske folkeskrifter nr. 56. Hefta. Noregs Boklag 1941, 60 s.: 85,- (biografi)
Gerhard Fischer: Middelalderen. Universitetets Oldssakssamling. Fabritius 1948, 44 s., illustrert: 70,-
Jardar Skaadel og Sven Erik Skarsbø: Norske kongar og regentar. Samlaget 1998. Med teikningar og bilde, nydeleg og som ny!: 130,-
Mari Kollandsrud: Pilegrimsleden til Nidaros. Gyldendal 1997. Med foto og kart, som ny: 120,-
Anders Hagen: Helleristningar i Noreg. Samlaget 1990. Rikt illustrert: 235,-
Snorre Sturlasson: Kongesoger. Frå Magnus den gode til Magnus Erlingsson. Samlaget 1965: 110,-
Fredrik Paasche: Kong Sverre. Aschehoug 1966, Fontene-bok: 90,- (biografi)
Ågrip or Noregs kongesoger (ved Gustav Indrebø/Arnt Løftingsmo/Bjarne Fidjestøl). Samlaget 1973: 120,-
Sagalitteraturen. Eit utval ved Bjarne Fidjestøl. Fem bind. Samlaget 1984. Eit fint sett!: 400,-

Antikvariatet har også skjønnlitteratur for barn, unge og vaksne om vikingtida og tidleg middelalder, og i dei fleste utgåvene av tidsskriftet Maal og Minne er det artiklar om norrønt språk, skaldekunst og liknande.

Hos Pilegaards Antikvariat

Antikvariatet på tur! I Aalborg ligg Pilegaards Antikvariat & Mønthandel. Pilegaards har spesialisert seg på «alt», som ymseriet i Molde, og har stappfulle lokale over to etasjar. Antikvariatet har funnest i fleire tiår og har fire tilsette.

Det som overraska meg aller mest, var kor stille det var i lokala. Det var -heilt- stille! Lesestolar og kaffikrok fanst ikkje, og plass til det var det heller ikkje. Bøker sto i hyller som gjekk nesten heilt til taket, og det sto bokstablar og bokkasser på golvet, og det siste er jo kjent! Antikvariatet har elles to store lager, og eg synest inndelinga etter sjanger og emne verka god. «Skryteskåp» finst au!

Aalborg by har universitetsutdanningar, og bøker om filosofi og vitskap elles gjekk det visst ein del av. Jakt (!), fiske og friluftsliv var au populære emne, og det eine av dei to gateglasa var fylte av bøker om handarbeid og husflid. Interessant. Dette er etterspurd her i Molde au.

Eg veit at bøker av norske forfattarar er rimelegare i nabolanda enn hos oss, og hadde undersøkt nøye om Pilegaards hadde bøker av forfattarar som eg var ute etter. Eg sende dei ei liste før eg drog ned, og dei bøkene låg framme da eg kom dit. Andre plukka eg fram sjølv. Nokon verkeleg fantastiske funn vart det ikkje, men eg kjøpte med meg vel 25 bøker. Ikkje fleire! Nokre av bøkene var prisa slik at eg aldri kan tene på dei, eitt kjøp var ei tabbe, og elles får eg berre håpe det beste. Kollegarabatten var god.

Merk at det er lett å bli blenda av prisene i kroner, for ei dansk krone var verd 1,45 norsk da eg var der. Prisnivået såg likevel ut til å liggje under det eg er vand med frå dei store antikvariata her til lands. Det gjeld au bøker på tilbod. I København er visst prisleiet høgare.

Pilegaards Antikvariat & Mønthandel er verd å besøke. Her finst det mykje bra! Hugs berre at ei dansk krone ikkje er verd det same som ei norsk … Og ha god tid!